Jon Bojer Godal

HANDLINGS-
BOREN KUNNSKAP

"Problemet vårt i samanheng med handverk og mange andre
utøvande kunnskapsgreiner er at det utøvande ikkje er rekna 
med som sjølvstendig berar av lærdom". Föremålen från vikinga-
mötet i Eura i Finland.

 

Stryk på kinnet eller slag med flathanda. Ingen er i tvil om det sentrale i meldinga, jamvel om det kan vera mange nyansar i kring, jamvel om somme meldingar er ekte og somme er falske. Vi talar om kroppsspråk. – Rørsler gir melding. Vi kan ha rekkjefølgjer; trampe i golvet, smelle i døra og hytte før slaget endeleg kjem. Den gode skodespelaren meistrar nettopp kroppsspråket. Vi ser det på han, kva som bur inni av kjensler og siktemål for handling. Vi er ikkje i tvil om at rørsler gir melding.

Rørslespråket har eit dugleiksaspekt. Å gå på ski er ein slik dugleik. Somme er gode til å gå på ski, somme er svært gode. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men vi er faktisk ikkje det. Vi har lært det. Men dei fleste av oss har lært det så tidleg at vi ikkje oppfattar det som noko lært, likeså lite som vi oppfattar morsmålet og det å stå og gå som noko vi i grunnen har lært. Måten vi går på står i ein kulturell samanheng. Den uttrykkjer ein slags felles kunnskap som er bygd opp over fleire generasjonar, men som samstundes er uløyseleg knytt til personleg røynsle. Skiløyping har ikkje noko produkt, anna enn ei tilbakelagt distanse, ei livsglad nyting av rørsla mange gonger uttrykt i ein eigen slags estetikk, slik som den er reindyrka i hoppsporten.

Vi kan ta for oss ordparet kunnande og vitande. I den litterære samanhengen blir desse orda ofte brukte som artslike. Vi kan lesa at den vitskapleg baserte skolen gir (eksakt) kunnskap. Ja, mykje av skolepolitikken baserer seg tilsynelatande på at det berre er vitskapen som produserer kunnskap. Logisk følgje av eit slikt syn er at den einaste reelle slags opplæring er den teoretiske.

 

TO SLAGS DUGLEIKAR

I daglegtala fungerer desse orda på ein annan måte. Der er ikkje kunnande (eller kunnskap) artslikt med vitande (eller vitskap). Vi oppfattar dei som to slags dugleikar. Eit døme kan vera det å spinne på rokk. Det finst folk som veit svært mykje om rokken. Dei kjenner til historisk utvikling, geografisk utbreiing av typar, kategoriar og variantar. Dei kjenner nemningane på delane i ulike målføre og veit i prinsippet korleis rokken fungerer. Det går an å vita så og seia "alt" om rokken, om spinninga og om dei ulike slags trådar og garn det er mogleg å spinne, utan at den vitande av den grunn kan å spinne.

Vi oppfattar det å kunna som noko anna enn det å vita. Dette ein kan, kunnandet, eller om vi vil kunnskapen, er knytt til handling. Vitandet derimot er passivt i høve til det å kunne utføre i handling det som den vitande veit. På denne måten kan vi seia at vitskapsmannen veit mykje, men kan lite, medan handverkaren kan mykje, men han veit av og til mindre enn han kan.

 

ROMLEG-RØRLEGE KUNNANDE

Problemet vårt i samanheng med handverk og mange andre utøvande kunnskapsgreiner er at det utøvande ikkje er rekna med som sjølvstendig berar av lærdom. Den verbal-teoretiske tilnærmingsmåten har fått eit klart overherredøme. Det heiter at skolen gir kunnskap, men han gir svært lite av dette. Han gir først og fremst vitande. I staden for å tala om lærdom, talar dei om kunnskap og meiner vitskap. Dette skaper forvirring, samstundes som den eigentlege kunnskapen, handlingslærdomen som vi av og til kallar det romleg-rørlege kunnande, blir nedvurdert og til dels sett bort frå.

Romleg-rørleg kunnande er eit ord for den kunnskapen som beinveges er knytt til fysisk rørsle, som å gå på ski eller å danse. I andre slags kunnande er det også fysiske og motoriske føresetnader som spelar ei avgjerande rolle som hjelpemiddel i det å uttrykkje seg, men sjølve uttrykket er skilt frå kroppen. Å spinne på rokk eller å klinke båt er gode døme. Det er når det fysiske er primær uttrykksform eller heilt sentralt i det å kunne uttrykkje seg, at vi kallar det romleg-rørleg kunnskap. Det særeigne med handverk er at det står for eit kunnskapsberande handlingsmønster som gir eit produkt. Handverket er både handlingsmønsteret og produktet.

Eit fiskegarn blir til ved at skytaren (han som monterer garnet) knyter linet/busen/vevnaden til ei telne. Han spenner nettet opp i ei ramme. Det er som når seglmakarane lagar segl av duk og telne (liktau). Garnskytaren har i seg eit bilde av fisken som skal fangast og korleis han oppfører seg. Han skyt etter fiskeslag og farvatn. Måten det blir gjort på uttrykkjer han som ein brøk: Til dømes "halvt om halvt" eller "fire på fem". Den arbeidsprosessen han legg opp er usynleg når garnet er ferdig, men ein del av det som han har tenkt ligg att i produktet, nedfelt som brøken mellom knuteavstanden i telne og lin.

Det kunnskapsberande handlingsmønsteret som desse uttrykkjer kan vi del i to: Ein handlingsboren (overført) del og ein personleg (erfaringsbasert) del. Den handlingsborne delen er den som byggjer på førebilete. Skiløyparen og garnskytaren har sett at andre gjer det same. Det er dette førebilete som møter dei personlege røynslene og som utviklar dugleiken.

Noko av det kunnskapsberande handlingsmønsteret kan ordleggjast og noko kan ikkje. Vi har freista oss med ei slags oppdeling av den prosessuelle delen av handverket. Denne delen av det er borte når tingen er laga. Det er som med ein slått. Lyden, musikken, er borte når slåtten er låten. Skilnaden er at handverket både er ein levande prosess og noko som gir eit synleg resultat, eit produkt som er der etter at handverket er utøvd.


KJENSLE FOR RØRSLE OG KROPPSBRUK

Før kroppen var, var rytmen. Kroppen og organa spinn seg rundt ei grunnleggjande takt. Rytme er strukturert kompleks rørsle over tid og som i praksis gjer rørslene lettare. Rørsle er også kultur. Slik er det i dans, slik er det i handverk. Rørslekulturen tek vi til oss ved å herme rørsler og rørslemønster. Det krev at vi arbeider nært til eit anna menneske og utviklar evna til å lyde til det kroppsspråket som det formidlar.

I handverket byggjer rørslene seg opp til visse mønster for handling. Dei står for ei slags oppsummering av det som vi kan og veit. Når vi gjer slik og slik, blir resultatet slik som vi ønskjer.Vi kallar det kunnskap i handling. Det er når kunnskapsberande handlingsmønster overførast frå ein handverkar til ein annan, vi talar om handlingsboren kunnskap. Det er ein art tradert kunnskap. Prosedyren har ofte karakter av ritual. Handlingsmønsteret er så innarbeidd at det er vorten refleks. Mange oppfattar faste handlingsmønster som uttrykk for mangel på tankar knytt til prosessen. Ritualet er vilkår for å kunne oppdage det nye og overraskande, for å løyse problem og for å skape på bakgrunn av det som vi har akkumulert av kunnskap både i eige liv og i tidlegare generasjonar.


FINGERKJENSLE

Fingerkjensla har med evna til å nytte sanseapparatet først og fremst i hendene, men prinsipielt sett i heile kroppen, og ho er nært knytt til rørslene våre. Gode døme på høgt oppdriven fingerkjensle finn vi til dømes i det å spinne. Den som spinn kjenner at tråden har rett tjukn og høveleg snu. Presisjonen i dette kan vera svært stor. Den vanlege måten å uttrykkje dimensjon på garn er å oppgi vekta av ei viss lengd. Til den gamle sveineprøva på reiparbanane høyrde det å spinne ei viss vekt hamp til ei viss lengd garn. Dette laut sveinen bokstaveleg tala ha i fingrane. Utviklinga av fingerkjensla står sentralt i svært mange handverk.


SYN, AUGEMÅL
OG HØYRSEL

Synet er svært viktig for handverkaren. Andre måtar å oppleve dimensjon på får vi ved å klype over, ta rundt, gå langs og så bortetter. I mange tilfelle oppfattar vi storleik på annan måte enn ved hjelp av synet. Truleg er utviklinga av målsynet i nokon grad knytt til bruk av kroppsrelaterte mål. Vi tenkjer på slike som fingerbreidd, handsbreidd, spann, alen (underarmslengd) og famn. Det tradisjonsborne handverket har i høg grad nytta seg av denne slags mål.

Når vi arbeider, høyrer vi det som vi gjer, og vi reagerer på det som vi høyrer. Høyrsla er knytt både til den romlege kjensla, til oppfatning av det som gjev frå seg lyden og like til det mykje omfattande som vi kallar musikalitet. I det praktiske arbeidet kan høyrsla fortelje om eigenskapar i materialen og om utviklinga av prosessar m v. Det kan vera melding om korleis reiskapen som vi brukar verkar eller noko som skjer med den tingen vi lagar.


KJENSLE FOR FARGE
, LUKT OG SMAK

I mange handverk spelar fargar ei stor rolle. Smeden styrer smiinga ved å sjå på fargen på stålet. Sponkorgmakaren styrer tynninga av sponane ved å sjå kor gjennomskinelege dei er. Kokken styrer steikinga ved å sjå på fargen på det han steiker. Bruk av syn og fargesans i arbeidet har med langt fleire prosessar å gjera enn der fargen er ein del av produktet, slik som i måling og rosesaum.

Meir eller mindre er lukt og smak med i mange handverk. Smeden kjenner på lukta om det er god fyr i avlen. Vevkona kjenner etter om det er rette lukta av garnet. Treskjeraren kan smaka på veden om han er i tvil om kva slags treslag han har mellom hendene. I kokkfaget er lukt og smak avgjerande føresetnader for arbeidet.


KJENSLE FOR ROM

Den tredimensjonale måten å tenkje på, dette å oppfatte tingen i rom i staden for i plan er noko særkjennande for handverkaren. Form er romleg. Romkjensla er vilkår for formkjensla og formkjensla verkar inn på opplevinga av rommet. Jamvel i handverk som gir "flate" produkt, så som i maling, høyrer dei rørslene som målaren gjer til i rommet. Jamvel det lineære garnet som vi spinn er romleg og vi lyt tenkje det romleg for å forstå oppbygging og virkemåte. Den boklærte tenkjer i plan. Han har lært seg til å sjå tredimensjonale former projisert til eit papir, til ei teikning. Ein "teoretisk tur" går for seg på eit kart, medan ein praktisk går for seg i lendet.


FORMFORSTÅING OG MATERIALFORSTÅING

Handverkaren er intensjonell. Han ser fram mot det som han skal lage. Det er i høg grad produktet som styrer arbeidet. Handverkaren treng å vita mykje om den tingen han skal lage. Korleis ter han seg, korleis verkar han. Korleis kjem han dei særlege behova til ein viss kjøpar i møte o s b.

Ein del av formoppfatninga baserer seg på tradisjonsborne mønster for det å oppnå intenderte former. Til dømes i veving, båtbygging og husbygging dreiar dette seg i høg grad om relasjonar knytt til mål og tal. Til dels er det nesten rein proporsjonering, med eit omfattande system av brøkar som ligg i botn av formkonseptet. Somme av dei omgrepa for rom som lyt lærast, knyter seg difor til brøkar og rekning. Den lærande treng altså trening i proporsjonering basert på geometri eller talrelasjonar. Det særlege for handverkaren er at formoppfatninga oftast er integrert til material konstruksjon, teknikk, prosess funksjon og utsjånad. Form i denne samanhengen er altså noko langt meir omfattande enn oppfatninga av det ytste synlege laget.

Det tredje hovudelementet i handverket er det materialet som vi vil arbeide i. Dette lyt vi både ha nært kjennskap til og mykje vitande om. Det er viktig at materialkjensle får byggje seg opp over lang tid. Grunnleggjande materialar i vårt miljø og i vår kultur som til dømes tre, ull og ymse slags plantefiber, jarn, stein, sand og leire bør vi starte med tidleg og forlate seint.

Eit sentralt elementet i handverk som vi tek for oss er dei hjelpemidlane som vi nyttar oss av for å få eit materiale til å bli ei ønskt form. Vi skil i språket mellom, verkty og reiskap. Reiskap er alle slags hjelpemiddel, medan verkty er det konkrete, den slags reiskap som vi held i hendene. For handverkaren er verkty den viktige og særkjennande reiskapen. I bruken av verktyet er kunnskapen mellom anna knytt til handlaget.


ALLMENN MENTAL UTVIKLING

Den vedvarande lysta til å lære, til å arbeide og til å løyse problem har mellom anna samanheng med å vera skapande. Det er eit særkjenne for den "gamle" typen handverkarar at han er interessert i faget sitt. Jamvel om tradisjonen på visse måtar set opp snevre rammer for produktet, ser vi at den einskilde utøvaren er i ei stadig personleg utvikling og kvart produkt er "skapt" som ein sjølvstendig individualitet, og ut frå høge krav til kvalitet. Kvalitetskravet har med sjølvakting, engasjement og yrkesetikk å gjera. Det er eit uttrykk for at det vi gjer er meir enn arbeid. Det er livsform.

Mange handverk skjer i eit samarbeid mellom fleire. Om vi ser etter, vil vi sjå at samarbeidet i godt innarbeidde arbeidslag har visse ting felles. Mellom anna har dei visse handlingsmønster som er felles for alle i gruppa. Kommunikasjonen dreiar seg då om signal knytt til kjente knutepunkt i mønsteret. Samarbeid i utførande av eit handverk har svært ofte innarbeidd kultur for ikkje verbal kommunikasjon

Å vera ein god handverkar har i høg grad med haldningar å gjera. Somme som arbeider med å forstå kva handverk er, meiner at nettopp haldninga til det som dei gjer, er det som framføre noko karakteriserer handverkarane. Mange som arbeider med opplæring av handverkarar til særlege oppgåver, så som restaurering av verneverdige bygg, legg avgjerande vekt på å utvikle ei haldning til arbeidet.

Når slåtten er låten er tonen borte. Når spelet sluttar er ikkje dansen der lenger. Dei punkta som vi har nemnt ovanfor er "musikken" eller "dansen" i handverket, det som er borte når tingen er laga. Det blir nokså klart for oss at vi i ein handverkspedagogikk lyt rette blikket vårt nettopp mot denne dansen. Handverksopplæringa skal vekkje, utvikle og trene evna til å tenkje og uttrykkje seg ved hjelp av dei romleg-rørlege omgrepa som handverket er bygd opp av.


VI TRENG EIT OVERSETTINGSARBEID

I høve til tradisjonell vitskap og forsking lyt vi koma i hug at handverk er eit eige felt for kunnskap. Handverk er primært eit kunnande, men også eit vitande. Erkjenninga ligg i logisk samordning av mange sanseiunntrykk. Handverkskunnskap er meir kompleks enn det verbalfilosofisk vitande. Uttrykket ligg i rørsle, materiale, teknikk og form. Når prosessen er ferdig og handverkaren ikkje er der lenger, er det berre produktet som kan fortelje. Så vel rørsle som prosess og produkt kan bera i seg kunnskap som har verdi langt ut over produktverdien i snever tyding. Det ligg eit potensiale for ny erkjenning i skjeringspunktet mellom handverk og meir tradisjonell vitskap. I denne samanhengen trengst det eit oversettingsarbeid. Vi lyt setje om frå vitskap til handverk og frå handverk til vitskap. Båe retningar er viktige. Det blir feil dersom vi vitskapleggjer handverket utan at vi også får vitskapen til å erkjenne i handverk.

Vi kan alle snakke, skrive og lesa, men vi kan ikkje alle byggje båt, skyte garn, spinne, smi eller veva. Med andre ord ser det ut til å vera vanskelegare for den teoretiske skolerte å koma inn i handverket enn det er for handverkaren å koma inn i det teoretiske. Dette bør få konsekvensar for opplæring, utdanning og vurdering av kompetanse. Handverkskunnande bør liggje høgt i vurderinga av kva eit menneske duger til.

_____________________________________________
Jon Bojer Godal är rådgivare till Hantverksregistret vid De sandvigske samlinger på Maihaugen i Norge. Artikeln har tidigare publicerats i den norska arkeologiska tidskriften SPOR, nr 1. 2000 (ISSN 0801-5376).  Artikeln bygger på ett föredrag vid seminariet "Seilet som kvinnene spant" i april 1999.


Startsida

Institutet för Forntida Teknik 2000-09-10